Forslag til reglar for debattforum

Troll i arbeid

Når Mediebruket har halde førelesingar om bruk av sosiale medier for organisasjonar og bedrifter får eg ofte spørsmål om korleis dei bør moderere kommentarar som kjem på f.eks. bedriftsblogg. Mitt svar er at det lettaste er å lage synlege retningsliner på forumet/bloggen, slik at når nokon går over streken så kan de vise til brot på reglane. Det er god skikk å skrive f.eks.:

“Kommentaren er fjerna fordi den er i strid med retningslinene våre”, gjerne med link til reglane.

Her er framlegg på reglar som kan tilpassast etter behov (eg testa dei ut då eg var nettredaktør i Firda, og dei fungerte for meg):

Først kan du skrive noko om eventuelle captcha, eller at innlegg med eit visst antal lenkjer eller visse ord blir halde attende automatisk for moderering (dersom du har slik funksjon), eller t.d. at den som kommenterer må få godkjent ein kommentar før det er fritt fram utan førehandsmoderering.

Nyheitsmedier o.l. kan også ta med ei setning om:

Innlegg og svar på XXX.no representerer ikkje på nokon måte synet til XXX.

Deretter kan teksten vere f.eks.:

Du som skriv kommentar på XXX.no er forplikta til å diskutere saka, og ikkje å diskutere personen som eventuelt har skrive innlegget du vil svare på.
bq. Det er ikkje lov å skrive innlegg under falskt namn, men det er lov å bruke kallenamn (nick).

Skriv mest mogleg sakleg.

Innlegg som vert oppfatta som trakasserande, og som krenkjer privatlivets fred, namngjer privatpersonar eller omtalar grupper på bakgrunn av livssyn, nasjonalitet, utsjånad, rase eller privatliv på ein slik måte at dei kan kjenne seg truga eller uthengde, vil ikkje bli aksepterte.

XXX.no tillet ikkje innlegg som bryt med norsk lov ved at dei inneheld tekst, peikar til, eller bilete av noko som kan medføre straffeansvar, er ærekrenkjande, rasistisk, trugande, obskønt, pornografisk, eller på andre måtar i strid med norske lover. IP-adressa til innsendaren blir logga, og ved alvorlege overtramp kan tilhøva bli melde.bq. Kvar brukar har eit sjølvstendig strafferettsleg ansvar for innlegget sitt. Andre brukarar kan klage på innlegg dei meiner bryt med desse reglane, anten ved å klikke på “Klag på dette innlegget”, eller ved å sende e-post til: webmaster@XXX.no. Den som til ei kvar tid har moderatoransvar vurderer om klagen skal takast til følgje.

Trolling vert ikkje akseptert. Moderatorane kan definere det som trolling når ein brukar gjentekne gonger prøver å avspore debattar, medvite uroar diskusjonen med unødige spørsmål som har opplagte svar, prøver å setje andre brukarar opp mot kvarandre, og/eller skriv innlegg som utelukkande har til føremål å provosere andre brukarar. Viss moderatorane meiner at ein brukar skadar debattrådane meir enn vedkomande gagnar dei, så er moderator i sin fulle rett til å åtvare brukaren, fjerne rettigheiter og evt. utestenge brukaren. Målet med denne regelen er å verne om debattflyten i forumet og måten fleirtalet av brukarane ønskjer å nytte det på.

XXX.no har til ei kvar tid rett til, også på eige initiativ, å redigere eller fjerne innlegg som moderator meiner er i strid med desse retningslinene, eller å stenge ute brukarar som gjentekne gonger bryt reglane for desse sidene.

Med desse reglane bør det vere forholdsvis enkelt å halde nettsidene nokolunde reine for dei verste kommentarane. Men ikkje fjern innlegg berre fordi du er usamd, eller oppfattar eventuell kritikk som urettferdig. Hugs at poenget med å opne for kommentarar og debatt er å få tilbakemeldingar. Dersom du modererer for strengt er det til slutt ingen som gidd skrive kommentarar.

Eit anna råd er å skrive kommentarar sjølv, der du takkar dei som kjem med konstruktive innspel, og ignorerer dei som berre er ute etter å lage bråk.

Ver raus! Lykke til.

Innspel blir motteke med takk!

Sjå også mitt tidlegare innlegg:
Ulike typar vertskap på sosiale medier.

(Foto: Betsy Devine)

Vist 2773 ganger. Følges av 5 personer.

Kommentarer

Jaudå reglar må ein ha – akkurat som i Fjordaglimten der ein sit og utvekslar kjedsomheiter og fantasiløyse – i lange og intetsigande vendingar…så det er til å få fnatt av. Les litt på det i dag – med han SPikkaren (eit eller anna) og med sjølve meisteren i intetsigelser Stig Eikås under som berre var ute etter å smiske seg til meir spalteplass i pappirutgava og på same tid prøvde å rettleie Stang i kva han burde prioritere av stoff inne i den allereie meir enn nok…kjedeleg og uinteressanne avis-lefsa.
Kjem pokker ta meg ikkje på navnet – til tidlegare naustdals-orføraren – og gidd ikkje bla tilbake…og same kan vere. Stig Eikås ba Stang-en finlese og tenke over – akkurat som det skulle vere så mykje å tenke over den forsvarstala for SPikkarane – vart etter mi meining reine…finkukkelureriet i langdrygt ordgyteri.
Så står berre igjen å vente på kva – intetsigelser Stang-en har å tilføye den debatten då – av både og om og men…og ditten datten?
Set og finlese veirmeldingane på tekst-TV – og er like kjedeleg og trist lesnad som det F-Firda og F-posten her i søndfjorden har å by på – så langt fram i tid…som går an å tenke seg.

Jeg skrev en tråd på denne sonen, som heter Politikkere er sjeldent på Origo, tråden ble sletter av sonens verskap, begrunnet paser best på sosiale medier. Er ikke både Origo, Facebook og Twinter sosiale Medier?

Jo, Origo, Facebook og Twitter er alle sosiale medier. Men når det gjeld forumet “Nettskrivng”, så er ikkje eg vertskap der, og kjenner såleis ikkje til årsaka til at innlegget vart sletta.

Takk for gode reglar for debattforum. Eg sit akkurat no og setter opp ei sone for nettdebatt, og skulle til å finne ut og skrive desse reglane i forumet. Godt at nokon har tenkt før meg, og deler det dei har funne ut.

Hvor og hvordan synliggjorde dere reglene på Fjordaglimt/Firda?

Eg veit ikkje korleis Firda gjorde det, men eg brukte råda dine i TA si nyoppretta leserbrevinnleggsone Synspunkt.origo.no. Dei kom veldig godt med. Takk!

Den som til ei kvar tid har moderatoransvar vurderer om klagen skal takast til følgje.

Akkurat her kan det være en flaskehals…..

Kathrine: Reglane vart eigentleg laga til eit klassisk phbb-debattforum på firda.no, og der låg reglane godt synlege og måtte aksepterast av dei som meldte seg inn. På Fjordaglimt brukte eg reglane i starten, der dei låg bak ein peikar i ei statisk venstrekolonne som vi den gongen kunne fylle med html-kode og lenker om vi ville. Seinare forsvann den boksen, og då lenka eg til reglane kvar gong eg måtte gripe inn i ein debatt. Eg meiner dei som får sletta innlegg eller deler av dei har krav på å få vite kvifor (den gongen var det ikkje høve til å gje beskjed direkte i meldingsinnboksen når ein sletta). Men ikkje minst virkar det preventivt, slik at andre veit kor grensene går.

Takk for tilbakemelding Herdis. Og som nemnt: Når det gjeld reglane er det berre å legge til og trekke frå alt etter kva som passar.

Ranveig: Du tenkjer kanskje på at det kan bli ulik praksis på om eit innlegg blir fjerna eller ikkje? Det vi praktiserte internt var at dersom nettvakta var i tvil om klagen gjaldt eit innlegg som var klart brot på reglane, så kunne nettvakta spørje næraste redaksjonelt overordna, og evt. sjefredaktøren i siste instans. Men når det gjeld teksten “den som til ei kvar tid”, så var det for å unngå at dei som hadde fått noko sletta gjorde det til vane å gå til sjefredaktøren for å klage. M.a.o.: Ansvaret var delegert til nettvakta som kunne handheve reglane utan å måtte gå til overordna anna enn når det var rimeleg tvil. Moderatorfunksjonen skulle såleis ikkje vere personavhengig, og overfor brukarane var det viktig å vise at ansvaret går på omgang mellom mange. Av og til var det nettvakta som hadde moderatoransvar, men t.d. i helgene var det vaktsjefen i avisa. Derfor ville det vere for enkelt å skrive “nettvakta” e.l.. Men eg ser at formuleringa kan misforståast og tek gjerne imot framlegg på andre formuleringar.

På Fjordaglimt brukte eg reglane i starten, der dei låg bak ein peikar i ei statisk venstrekolonne som vi den gongen kunne fylle med html-kode og lenker om vi ville. Seinare forsvann den boksen, og då lenka eg til reglane kvar gong eg måtte gripe inn i ein debatt.

Oki – som tips til lokalsoneverter som leser dette, så er det i dagens layout mulig å bruke f.eks. velkomstfeltet til å lage en slik link.

Annonse

Nye bilder